Til MENY på Forsiden
Polarbjørn
Etter at "Polarbjørn" nr. 1 forliste overtok både Polarbjørn namnet og fiskerimerket M 12 HD. Selv om det egentlig var Polarbjørn 2.
Skuta hadde hele tiden den eksisterte, de faste avløsingsekspedisjonene til Jan Mayen og Nordøst Grønland for Norsk Polarinstitutt. Ellers var skuta på årlige fangstturer på Newfoundland og i Danmarkstredet. Ofte deltok skuta også i storsildefiske på vestlandskysten. 

Modellen er kjempefin - og utrolig detaljert - absolutt museumskvalitet.
Alle beslag i metall - Ikke noe plast.
Erfarne profesjonelle modellbyggere, bruker ca 150 timer på en slik. 
Mer beskrivelse nederst.
Lengde : 80 cm
Polarbjørn kostet kr 1490.-  Men, er utsolgt, og vil nok ikke bli produsert igjen.
 
Beskrivelse :

”Polarbjørn” nr. 2 vart bygd ved Bolsønes verft i Molde. Då ”Polarbjørn” nr 1 forliste etter brann under fangst ved Newfoundland i april 1949, hadde AS Nørvøy kontrahert ei ishavsskute hos Bolsønes. Bak dette nybygget stod Martin Karlsen og leiaren for Rieber si avdeling i Ålesund, Edvard Leira. 

Skuta var tiltenkt namnet "Nørvøy". Etter at "Polarbjørn" nr. 1 forliste overtok AS Polarbjørn i Brandal nybygget frå AS Nørvøy. Den nye skuta overtok både Polarbjørn namnet og fiskerimerket M 12 HD.
"Polarbjørn" nr. 2 fekk treskrog i kryssarfasong. Skuta fekk dimensjonane 130,5 ft/ 292 brt. Framdrifta var ein Deutz diesel på 600 hk. Skuta vart levert i 1950. "Polarbjørn" overtok også oppdraga frå gamleskuta for Norsk Polarinstitutt. Heile tida skuta eksisterte hadde ho kvar sommar dei faste avløysingsekspedisjonane til Jan Mayen og Nordaust Grønland for Norsk Polarinstitutt, Arktisk Næringsdrift AS og Hermann Andresens fangstekspedisjon. På desse fangstekspedisjonane var som regel John Giæver ekspedisjonsleiar.
Elles var skuta på årlege fangstturar på Newfoundland og i Danmarkstredet. Som oftast deltok skuta også i storsildefiske på vestlandskysten. Fast skipper var Henrik Marø. Men i somme samanhengar, som t.d. storsildefiske gjorde også andre teneste, alt etter som det høvde.

På ekspedisjonsturen til Nordaust Grønland i 1955 var Kristoffer Marø med - som turist! Han hadde då passert dei 70. Han og kona var med som passasjerar hos sonen Henrik. I 1956 var "Polarbjørn" i område sør for Myggbukta då meldinga om at "Jopeter" var funnen i god behald i ein fjord på Trailøya. Der kom "Polarbjørn" (II) opp i ei rein kappkøyring med den danske marinekutteren "Teisten" for å nå først fram til "Jopeter". Det gjaldt og vere først for å kunne hevde finnarretten. Men det racet tapte "Polarbjørn". Det oppstod ein tilspissa situasjon då dei ansvarlege på "Teisten" med makt ville hindre Giæver og Marø frå og kome om bord i "Jopeter".

I 1956/57 var "Polarbjørn" (II) til Antarktis med ein norsk ekspedisjon i samband med det internasjonale geofysiske året. På denne turen gjekk "Polarbjørn" i samsegling med "Polarsirkel" (nr1) av Tromsø. Bernt A. Brandal hadde teke over som skipper på "Polarbjørn" maskinsjef var John E. Storøy. Skipper om bord i "Polarsirkel" var John Jakobsen.
"Polarbjørn" forliste i isskruing utanfor Myggbukta på Nordaust Grønland i august-september i 1957. Skuta var då på den årlige avløysingsekspedisjonen for Norsk Polarinstitutt, Arktisk Næringsdrift AS og Hermann Andresens ekspedisjon. John Giæver var ekspedisjonsleiar og Bern A. Brandal var skipper. På turen hadde dei med nokre passasjerar. Ein av dei var dåverande sokneprest i Ålesund, seinare biskop i Tromsø, Monrad Norderval. Passasjerar og mannskap vart henta ut av eit amerikansk helikopter som var stasjonert på Grønland. Helikopteret var stasjonert i Thule, men vart frakta i eit større transportfly til flyplassen i Mestervig. Helikopteret flaug derifrå og henta folka frå "Polarbjørn" frå isen.
Alle bilder på disse sider er beskyttet ihht. opphavrett.
All pictures on these pages are protected by Copyright.
Noen av de andre båtene og skipene :
INSPIRASJON :
Under er noen tilbakemeldinger fra våre kunder, som har bygget om våre modeller, bl.a. til fjernstyring med elektromotor og til og med live steam.
SNEKKE MED ELEKTROMOTOR OG RC
SNEKKE MED DAMPKJELE OG RC - LIVE STEAM
KNBF overrekker snekke til  Draugen Motorbåtforening i forbindelse med 80 års jubileum.